I Musikktroppen er det for tida 76 vernepliktige gardistar, tre troppsbefal og to dirigentar. Som dei fleste kjenner til så består kvardagen til ein musikkgardist av store mengder trening og øving, gjerne over lange dagar. Dette krever naturleg nok ein del oppfølging langs med, og med såpass mange menneske i sving er det ikkje alt troppsbefalet vårt kan rekke over. Ein del av løysinga på dette behovet er 8 gardistar med ei noko utvida rolle, nemleg lagførarane i Musikktroppen.

På Huseby leir er kasernene (eller “kubane” som dei gjerne kallast) delt inn i såkalla lagsrom, beståande mellom anna av to soverom. På eit slikt lagsrom bur det frå 8 til 12 gardistar, som saman utgjer eit lag. Musikktroppen er fordelt på 8 lag, under leiing av ein lagførar og ein nestlagførar.
Om ein skal oppsummere oppgåva til ein lagførar i Musikktroppen, så kan det seiast så lett som at ein lagførar skal sørge for at laget sitt leverer på oppgåvene sine. Dette kan innebere mykje, men i den daglege tenesta vil det seie å sjå til at laget møter klart til treningsøktene på tid, med det materiellet som trengs og at standarden på såkalla indreteneste på lagsrommet er god.
Indreteneste er summen av alt laget utfører av vask og rydding på kuben. På same måte som det forventast eit ryddig, pent og stramt uttrykk når kompaniet løyser oppdrag, skal også kubane våre vere hygieniske, ryddige og presentable til ei kvar tid. For meg som lagførar betyr dette at eg tidvis er nødt til å be folk plukke opp søppel etter seg, re senga si eller rydde i skapet sitt. Det å skulle innta ei slik “mødrerolle” ovanfor andre på same alder er ikkje nødvendigvis så enkelt eller kjekt, då laget gjerne er dei nærmaste og dei ein omgås mest. Likevel er det som med mykje anna ei vanesak og noko som går seg til når ein får stått litt i rolla.
Trass i dette vil eg seie at eg totalt sett opplever det å vere lagførar som spennande og lærerikt. Det å få vere lagførar i førstegongstenesta er for dei fleste første gong ein har moglegheit til å prøve seg i ei leiarrolle, så forutsetningane ein har for å fungere som leiar i ei gruppe ikkje særleg store. Med andre ord må ein finne ut av det meste langs med, samtidig som ein lærer laget å kjenne. Som tidlegare skrive er det i tillegg til meg 7 andre lagførarar i Musikktroppen, så ein har heldigvis andre som står i same situasjon å sparre og utveksle lærdomar med. Kvart enkelt lag består likevel av ulike menneske og ulike gruppedynamikkar som ein rett og slett må lære å handtere på eiga hand. Då kjennest det ekstra givande når samarbeidet på laget fungerer, og ein ser at gruppa får til ting i fellesskap. Dette kan vere alt i frå samarbeid under konkurranse i ei fyfo-økt, til oppsett av telt under feltøving eller klargjering og nedrigging når vi er på konsert.
Det at laga og troppen består av menneske som ikkje kjenner kvarandre frå før er både tilfellet for oss, såvel som for befalet. Derfor har ein frå innrykk av og framover i rekruttperioden ikkje lagførarar, men såkalla “romsjefar”. Dette er i grunnen akkurat det same som lagførarar, bortsett frå at romsjef-tittelen går på omgang mellom lagsmedlemmane, ei veke av gangen. På denne måten får dei som ønsker det prøvd seg, og befalet får eit meir individuelt inntrykk av oss før dei etter rekruttperioden landar dei permanente lagførarane.

Som skrive tidlegare så skal ein lagførar i Musikktroppen ganske enkelt sørge for at laget sitt presterer. Med ei såpass vid hovudoppgåve vil det bli litt opp til den enkelte korleis ein vel å løyse oppdraget sitt, og moglegheitene til å utfalde seg kreativt er dermed store. Som lagførar har eg mellom anna fått prøve meg i funksjonar som inspektør, fyfo-instruktør, SLO-instruktør, innebandy-kaptein, sambandsmann, materiellforvaltar, fredsmeklar, og framfor alt leiar. Eg snakkar på vegne av alle lagførarane når eg seier at dette er ei stilig moglegheit til å få lære om andre, deg sjølv, lagssamarbeid og samtidig gjere eit arbeid ein trivast med.
Ledende menig Brattli