Skarpskyttermerket

Ny dag, nye moglegheiter og høve til å få skutt seg til skarpskyttermerket for oss i drilltroppen. Sjølv om vi kun har tatt turen til Løvenskiold skytebane tre gongar tidlegare, har vi sett fram til denne dagen, og er klare for å gi alt. Det har herja litt småsjukdom og småskader blant drillgardistene den siste tida så det er kun 32 av 38 mann som reiser til skytebana i dag.

Oslo har vore under beleiring av nokre heftige snøbygar som har gitt Huseby leir nokon dryge brøytekantar. Dette var riktig nok berre småtterier i forhald til den snømengda som møtte oss da vi ankom skytebana på Løvenskiold. Før nokon i det heile kan skyte så mykje som ein aldri så liten «raudfis», må bana måkast for at vi skal kunne sjå blinkane. Snøskuffer var det dårleg med, så troppen måtte krype på alle fire og måke vekk den fem fot djupe snøen med hender og føtter. Det heile såg nok veldig komisk ut. Vi held i det minste varmen. Etter kvart vart bana klar, og vi kunne komme i gong med skytinga.

Skarpskyttermerket er ein av fleire tester ein må prøve seg på for å bli ein godkjent soldat. I dag kan vi skyte oss til bronsje og sølvmerket. Sjølve testen består av fire skot i knestående skytestilling, og seks skot liggande med nedsprang. For å stå testen og få det etterlengta merket må ein skyte seg inn til minimum 70 poeng, noko som gir deg bronsjemerket. Får ein over 80 poeng får ein sølvmerket. Det går og å få gullmerket, men då må ein skyte sølvmerket fem år på rad.

Adrenalinen er i høgspenn, og til tross for ein god porson sommerfugler i magen klarte 26 av 32 drillgardister å skyte seg til bronsje og sølvmerket. Dette ser vi og befalet på som veldig positivt, ettersom vi har hatt så få turer på skytebana tidlegare. Drillgardist Morrison skaut seg inn til den høgaste poengsummen i troppen med ein totalsum på 94 poeng, og venter seg då ein «drømmedag» på skytebana med kaptein Skaret, og hans glock.

 

Skytebane.jpg
Drillgardistene i dekkstilling på skytebanen. // Foto: Sersjant Olsen

 

Dagen på Løvienskjold er omme, og troppen setter i marsj mot Huseby leir der vedlikehold og puss av våres HK 416 står for tur som er det siste på tapeten.

-Drillgardist Birkeland

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s