Sundag kveld vart det heldt konsert i Bærum kultuhus. Dette var det åttende året Garden spelte i kulturhuset. Kveldens dirigent, major Eldar Nilsen, dirigerte HM Kongens Garde, og gjesteartisten Bærum symfoniorkester. Konserten var majorens siste i Gardens paradeuniform i kulturhuset, då han går av med pensjon til vinteren.
I kveldens program som majoren hadde sveisa saman, hadde både Gardemusikken og Bærum symfoniorkester stykkjer som imponerte. Med full sal byrja hovudkorpset med den mektige marsjen “På vakt” av Sam Rydberg, etterfulgt av “Band of 2017”. Kjensla av å verre ein del av noko større enn seg sjølv er fantastisk, spesielt når heile korpset og publikum bruser i takt med “Cartoon Music” av Peter Graham. Før pause avslutta Gardemusikken med Johannes Hansens “Valdresmarsj” og sang “Bruremarsj fra Lødingen” som ekstranummer.
Etter eit lite sceneskift i pausa tok Bærum symfoniorkester over stafettpinnen. Dei hadde fire stykkjer på sitt program. Deira siste stykkje, “1812 overture” skulle bli ei overrasking for publikum. Under stykkjet las sersjant Fairchild opp skildringa av musikken. Mot slutten av 1812-overtura lista gardemusikarane seg ut og stilte opp langs benkeradene i salen. Etter innstudering før i veka kunne vi slutten på overtyren utenat, og løfta taket i kulturhuset som ei avslutning på konserten.
Som alltid hadde Garden eit ekstranummer på lager. Medan fleire i salen tørka tårene, sang vi “O bli hos meg”. Det einaste som sto att var å pakke saman og reise heimatt til Huseby leir og gjera klart for ei ny veke.
-Musikkgardist Borlaug
Korpset har vist en stor musikalsk utvikling under Eldars inspirerende ledelse. Flott å se alle jentene som nå gjør sin innsats på lik linje. Gled dere til fortsettelsen av det som forhåpentlig blir et godt og særdeles minnerikt år for dere alle!
Mvh TubaKjell i Bærum symfoniorkester og 1971 gardist.