Juletrefest i Gardeleiren
Garden har alltid eit ønske om å bidra med noko godt for lokalmiljøet rundt leir. Kp3 har i eit par år arrangert juletrefest for nokre av barnehagane i områda nært Huseby leir. Juletrefesten vart holdt i Gardehallen. Her kom ungane i store flokkar, i følgje med barnehagetantene og onklane. Det som møtte dei var 80 musikkgardistar og 36 drillgardistar i skikkelig julestemning. Det vart servert rosiner, gløgg, saft, pepperkakar og ikkje minst klementinar!
Musikktroppen stilte eit eget lille juleensamble som spilte kjent, morosam julemusikk kontinuerlig gjennom festen. Midt i Gardehallen var det satt opp eit juletre. Juletreet hadde ikkje pynt. På innbydelsen barnehagane hadde fått spurte vi om dei kunne ta med seg julepynt til å henge på treet. Med hjelp frå gardistane pynta ungane treet med papirlenker og fint glanspapir.
Foto:Edvin Wiggen Dahl/Forsvaret
Gardesjefen, vår mann med flest stjerner fikk æra av å sette stjerna på treet. På slutten av festen sang alle soldatane Deilig er jorden i lag, før barnehagane reiste igjen. Juletrefesten var kjempemoro både for ungane og gardistane. Eit kjekt avbrekk på ein hektisk tjeneste.
-Musikkgardist Borlaug