License to drill

I dette innlegget skal vi presentere våpenet vi bruker i tenesta. M1 Garand, eller ”børsa” som vi også kallar han har etterkvart blitt vår beste ven her i leiren. Våpenet er ein halvautomatisk rifle laga av John Cantius Garand. Garanden vart brukt under 2. Verdskrig, Koreakrigen og til dels i Vietnamkrigen. I følgje Wikipedia brukte også den Norske hæren våpenet i perioda 1952 til ca. 1970. I dag er den kun å finne på museer og i drill- og seremonitroppar verda rundt.

Vårt første møte med Garanden var spennande, men tungt. Garanden var ikkje særleg samarbeidsvillig i starten; vonde bærestillingar og ubehagelege handgrep var uvandt for oss utrente aspirantar. Etterkvart som musklane har forma seg og mentaliteten bearbeida forholdet til Garanden, har tilnærminga blitt meir kjærleg.

Garand M-1
Garand M-1

1.  Bajonett: Denne må vi passe på å ikkje stikke kvarandre, men som gjør drillen farleg og spennande.

2. Reimfeste: Dei aller fleste handgrepa vi tar har denne plassen til felles. Det er eit godt sjekkpunkt når vi skal gjøre kjappe og presise bevegelsar.

3.  Baksikte: Vi bruker ikkje siktet for å treffe målet, men dette fungerer også som eit viktig sjekkpunkt i dei forskjellige handgrepa vi tar.

 

No er vi snart ferdig med innlæringsperioden, og stemninga er på topp. Om det har noko med sivilstatusen til Tone Damli å gjøre er ukjend.

 

Våpenkyndig helsing frå                                                                                                                                                      

Gardister

Gardister Mullis, Strømberg og Tonheim, Drilltroppen.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s